Stor auke i utlån og besøk på biblioteket

Fjoråret viser både stor auke i utlånet og besøkande for Stryn bibliotek.

Mange besøkande i 2018: Stryn bibliotek har hatt betydeleg auke i talet på besøkande i løpet av fjoråret. Eit av dei største arrangementa var då om lag 100 møtte opp til forfattarkvelden med Hans Olav Lahlum. Her saman med biblioteksjef Kristin Hatledal.   Foto: Inge Fænn

Nyhende

– Vi er veldig godt nøgde med utlånstala våre. Vi ser og ei stor auke i kor mange som brukar biblioteket. Det er fleire no enn nokon gong før, seier biblioteksjef Kristin Hatledal etter å ha sett på statistikken for 2018. Tendensen viser at besøket er langt over eit «normalår» på rundt 40.000 besøkande.

Over 5.000 fleire utlån

Alt i alt auka utlånstala med 5.175 fleire lån i 2018, samanlikna med året før. Då reknar ein med bøker og alt anna biblioteket lånar ut til publikum.