Stryn vgs feira første sigeren med kake

Kake: Gunn Kristi Tvinnereim (nr. to f.v.) fekk æra av å vere den første eleven på landslinja som vann eit renn i norges-cupen. Her saman med andre landslinjeelevar: Ingrid Heggen, Maria Tistel, Oskar Guddal Breivik, Oselie Henden, Jens Henrik Hegg, Bendik Vereide, Magnus Midthjell Gjørven og Ask Haughovd. Til venstre trenar Sjur Ole Svarstad.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn vidaregåande skule har gjort det til vane å markere gode prestasjonar ved skulen med kake.

Gunn Kristi Tvinnereim fekk æra av å vere den første eleven på landslinja i skiskyting som vann eit renn i norgescupen. Dette ville sjølvsagt skulen feire med kake i kantina.

Beskjedent, men til stor applaus, gjekk landslinjeelevane fram for å sprette den store sjokoladekaka.

– Litt «kleint» å stå her framme, men det var stas å vinne då, seier Gunn Kristi til Fjordingen. Saman med dei andre skiskyttarane rettar ho no blikket mot Landsdelsmeisterskapet i Sunnylven til helga.

- Hardt arbeid løner seg

Trenar på landslinja, Sjur Ole Svarstad, oppsummerer norgescuphelga, der elevane kunne skilte med gode prestasjonar, på denne måten:

– Kjekt at mange gjorde det godt i helga, mange hadde ei god helg. Dei har trent godt siste månaden, og det viser seg at hardt arbeid løner seg.

– Kva med innsatsen til Gunn Kristi?

– Artig at ho fekk det til, ho er ei stå på-jente og er veldig seriøs i arbeidet, seier Svarstad.