Haugen gjekk sin 30. Holmenkollmarsj

Kåre Haugen frå Hornindal fullførte i helga turlangrennet Holmenkollmarsjen for 30. gong.

Jubileum: Kåre Haugen deltok i helga i sin 30. Holmenkollmarsj. Kjenner vi han rett kviler han neppe lenge på laurbæra.  Foto: Privat

Nyhende

– Første løpet var i 1980 då eg studerte i Oslo. Nokre kompiser frå Hornindal kom nedover for å gå løpet og eg vart med, fortel den spreke skiløparen.

– Eg har alltid likt å vere med på turrenn rundt omkring og gjerne på nye plassar. I fjor deltok eg til dømes på Svalbard Skimaraton. Flott med turrenn om vinteren og motbakkeløp om sommaren, seier Haugen. Holmenkollmarsjen er eit 52 kilometer langt turlangrenn, og utgangspunktet er som namnet tilseier, nasjonalanlegget. Haugen og dei andre deltakarane fekk ingenting gratis.

– Det var som vanleg skodde i «Kollen» og Nordmarka. Vått føre med overvatn enkelte plassar, fortel jubilanten.