Vedtok utbygging av basishall:

Historisk for idretten i Stryn

Årsmøtet i Stryn Turn og idrettslag har vedteke utbygging av basishallen i prosjektet Arena Stryn. Hallen til vel 41 millionar kroner skal stå ferdig før årsskiftet.

Historisk vedtak: Frå venstre leiar i Stryn T og IL, Jonn Beinnes, turnleiar Arve Aaning og prosjektleiar Kjell Opheim, som gler seg over at basishallen er fullfinansiert.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Med vedtaket på ekstraordinært årsmøte torsdag er ein planleggingsperiode på nærare fem år til ende.

– Når vi no nærmar oss igangsetting av første byggesteg er det grunn til å takke alle som har gjort ein kjempejobb, sa leiaren i laget, Jonn Beinnes. Han retta ei varm takk spesielt til Aaland Arkitektkontor, og sa at einaste skår i gleda var at Tore Geir Aaland ikkje fekk vere med på dette historiske vedtaket. Vidare takka han Sparebanken Sogn og Fjordane, Stryn kommune, Gjensidigestiftinga, og lokalt næringsliv som kvar på sin måte har gjort det mogeleg å starte opp prosjektet etter planane som ligg føre.