Simen Lillevik:

Satsar på keeperplassen i Stabæk

Simen Lillevik frå Innvik konsentrerer seg 100 % om Stabæk.

Heime: Simen Lillevik var ein snartur heime i Innvik før han og klubben hans Stabæk set kursen for treningsleir i Spania.  Foto: Geir Ståle Vatnamo

Nyhende

24 år gamle Simen Lillevik Kjellevold frå Innvik er i dag reservekeeper og fast tilsett i Stabæk fotballklubb. Stabæk er som kjent i eliteserien. Fjordingen møtte denne spreke fotballspelaren heime på tunet i Innvik. Til dagleg har han adresse Stabekk, men i helga var han heime med familien og lada opp batteria.