Skifelt-NM i Hornindal nærmar seg

Indre Nordfjord er igjen arrangør for ein norgesmeisterskap. Om ein månad er det klart for skifelt-NM i Hornindal.

NM 2013: Førre gong det vart arrangert Skifelt-NM i Hornindal var arrangøren prisa med godvêr og god deltaking. Her ser vi Reidar Helland bak t.v. og Jarle Tvinnereim som held flagget. Framme frå venstre: Ola Garli, Herman Erdal, Per Johan Gjølga, Ole Martin Erdal, Rolf Magne Hellevang og Roger Lillestøl. 

skifeltskyting
  • Normal 12/8 km og sprint 5 km.
  • På normal vert det skote fem hald av seks skot på ulike figurar med ukjend avstand (150-400m). Sprinten har to skytingar av seks skot.
  • Tre min. tillegg/normal Eitt min.tillegg/ sprint.
  • Rekruttar, juniorar og veteranar skyt med finkaliber, med kjend avstand, 100 m.
Nyhende

Hornindal og Markane Skyttarlag var seinast i 2013 arrangør for tilsvarande NM, og har også fem gongar før vore vertskap for konkurransane der skytedugleiken er endå viktigare enn langrennsforma, om ein samanliknar med tradisjonell skiskyting.

Helga 23.-24. mars skal avviklast to løp, normal og sprint.

– Det som er spesielt no er at all skyting skjer frå éin standplass. Det gjer det enklare av fleire grunnar. Vi treng ikkje opparbeide fleire standplassar, men vel så mykje at våpenet no skal ligge på standplass, fortel Paul Hatledal, leiar av arrangementskomiteen.

Fleire lokale løparar har hevda seg godt i skifelt i åras løp. Roger Lillestøl og Jarle Tvinnereim har begge sikra seg kongepokalar. Lillestøl heile fire.

Siste åra er det ein viss familie Erdal i Førde som har dominert, både på herre- og kvinnesida.

– Eg håpar både Ole Martin, Karoline og Hermann kjem, seier Hatledal.

Leiar for hovudkomiteen : Paul Hatledal og staben har arrangert skifelt-NM tidlegare. 

 

Håpar på elektroniske skiver i framtida

Ein ulempe med skifelt er at idretten ikkje kan seiast å vere veldig publikumsvenleg. Skyteresultata må kontrollerast manuelt, og det kan først skje når siste løpar har avfyrt siste skot. Det betyr at det tek tid før skyteresultat og langrennstid kan parast saman og vinnarane kårast.

– Elektronikk trur eg vil tvinge seg fram visst idretten skal overleve. Noko vi ser på vanleg feltskyting og eg ser det som naturleg at det kjem som del av skifeltskyting også. Det blir eit heilt anna arrangement for publikum, seier Hatledal. Men enn så lenge må dei vere effektive i oppteljinga og vil gjere dette så raskt dei maktar.

Komiteen har allereie vore i sving i eit lite år, og førebuingane er godt i gang. No håpar dei på tilsvarande forhold som i 2013 då både vêret og deltakarmassane var på arrangøren si side.

– Det var så flott, det var heil suverent, seier Hatledal.