Harpefossen neste

Klasse M18: Magnus Midthjell Gjørven, Markane IL/Stryn vgs.   Foto: Nordfjord Team

Nyhende

KM og krinsrenn i skiskyting blir arrangert på Harpefossen i helga.

Laurdag er det krinsmeistertittelen på normaldistanse det skal knivast om i klassane 17–21 år, medan det søndag er krinsrenn i sprint. Det er Stårheim IL som står for arrangementet.

80 påmelde

Godt 80 skiskyttarar er påmeldt til konkurransane. Blant deltakarane finn ein mellom anna Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg/Stryn vgs) som tok sølv på normaldistansen i junior-NM på Østre Toten sist helg.

Finale neste helg

Helga deretter er det krinsrenn og krinscupfinale som står for tur i Volda. Der skal då gåast sprint og fellesstart.