Vintermoro på Hoven med Gaupa 4H

Nyhende

Fredag 1. mars tok Gaupa 4H vintertur til Hoven etter skuletid.

For nokre av dei 24 barna var det første turen med Loen Skylift, og det kitla nok litt i magen då dei såg utover landskapet i det vogna steig opp 1.000 meter. Saman med dei seks vaksne reiste ein frå vår til vinter på fem minutt.

Oppe på Hoven møtte eit vindstille og solfylt vintereldorado dei spente og ivrige barna. God stemning og smil både på veg opp og ned bakkane som var flott preparert. Det vart nok sett ein og annan fartsrekord i forsøket på å suse forbi dei vaksne.

Nede i bakken vart det også leik i snøen, og ein fann ut at det gjekk an å ta laus snøen som hang på sikkerheitsgjerdet. Dette hadde «vaffelmønster», og ungane hadde mykje moro med det.

Etter å ha baska rundt i snøen ei god stund gjekk vi inn og sette oss til bords i restauranten. Med så mange glade barn rundt borda, vakker solnedgang og hyggelege servitørar, vart det eit godt punktum for ein vellukka tur med Gaupa 4H. Gaupa 4H har medlemar i 4.– 10. klasse frå Innvik, Utvik og Loen. 4H-klubben i Loen er foreløpig «lagt på is», då dei hadde for få medlemar. Det blir årsmøte i Styrk-hallen for Gaupa 4H i midten av mars.

Harald Røyrvik

Klubbleiar A i Gaupa 4H