Skred ved Høgenibba - person sakna etter skred i Sykkylven

Flakskred ved Høgenibba i Hornindal  Foto: Privat

Nyhende

Det er grunn til å vise stor aktsemd dersom ein har planar om å ferdast i fjellet denne helga. Laurdag har det gått fleire skred på Sunnmøre og i Nordfjord. Laurdag kveld er også ein person sakna etter skred frå Brunstadhornet i Sykkylven, melder Sunnmørsposten.

Også ved Høgenibba i Hornindal gjekk det skred laurdag. Fjordingen kjenner til at augevitne såg skredet vart utløyst av skigåar, men ingen vart råka av flakskredet.

– Store brotkantar på snøskred i dag. Mykje vindtransportert snø i høgda. Fleire skiløparutløyste skred på Sunnmøre. Her ved Høgenibba i Hornindal. Fin ny dag i morgon søndag så ver forsiktig skifolk, skriv Merete Alsaker Flø på sin Facebookprofil.

Ho fortel til Møre-Nytt at ho vart overraska over snøforholda, på ein dag som elles var prega av solskin og finever i låglandet.

– Vinden bygde opp skavlar veldig fort. Det gjekk tre ras berre i det området eg var, seier Alsaker Flø, som er ein erfaren skiløpar og medlem i Ørsta Røde Kors Hjelpekorps.