God medaljefangst i KM av stryneturnarane

Stryn Turn og IL deltok med både rekrutt- og juniorgrupper då Årdal inviterte til KM i turn. Dei hevda seg godt.

Trampett: Rekruttane i sving på trampett-øvinga laurdag. I lufta Hanna Severine Haugen.  Foto: Stryn Turn

Nyhende

Totalt stilte 18 turnarar frå Stryn Turn og IL og det vart delteke i til saman ti konkurransar. Ikkje mindre enn fem medaljar vart det på stryneturnarane.

- Kun to av turnarane våre har delteke på KM tidlegare, i 2017, og fleire av rekruttane hadde vi søkt opp på junior. Dei konkurrerte såleis mot turnarar som var fleire år eldre. Tenk kor bra dette kan bli når ein får skikkelege treningsfasilitetar i ny basishall, seier Lisbet Nedreberg, som var med til Årdal.

Laurdag var rekruttane i sving og fekk to flotte andreplassar. Totalt deltok det ti lag i kvar øving, der Stryn hadde med to lag i kvar av dei.


Trampett:

1. Skavøypoll 10,2 poeng

2. Stryn 10,1 poeng

3. Jotun 9,65 poeng

---------

4. Stryn 2


Tumbling:

1. Skavøypoll 11,5 p

2. Stryn 11,45 p

3. Jotun 10,6 p

----------

7. Stryn 2

Sølv rekrutt tumbling: Lukas V Støylen. Tobias Bruhn-Henriksen. Malene Kleppe. Selma Isehaug. Mia Silden Andersen. Hanna Severine Haugen. 

Sølv rekrutt trampett: F.v.: Marius Konstadli Lødeme, Lukas V. Støylen. Tobias Bruhn-Henriksen, Selma Isehaug, Hanna Severine Haugen, Mia Silden Andersen.  

 

Søndag var det juniorgruppa sin tur og dei slo også til med medaljar i krinsmeisterskapen. Ein sølv i tumbling, ein bronse i mix trampett og ein bronsemedalje for kvinner trampett vart fangsten her. Stryn tok også 4. plass for kvinner junior i tumbling. Vidare vart det 5. plass i junior mix trampett og junior mix tumbling.

Bronse junior kvinner trampett: Veslemøy Uhlen. Victoria Edelston, Fride Nesje, Selma Isehaug, Hanna Severine Haugen og Mia Silden Andersen.