Maren ti sekund unna siger i Ungdomsbirken

Toppløp: Maren Hjelmeset Kirkeeide vart nummer to i sin klasse i Ungdomsbirken søndag. 

Nyhende

Maren Hjelmeset Kirkeeide (16), Markane IL, vart nummer to - berre fattige ti sekund unna klassesiger i Ungdomsbirken søndag. Løpet går frå Sjusjøen til Birkebeineren skistadion på Lillehammer.

Kirkeeide brukte 45.07 min på det 15 km lange løpet medan vinnaren, Synne Herheim, vann klassen på tida 44.57. Det var svært tett i toppen, og kun 18 sekund skilte vinnaren og sjetteplassen. Totalt deltok 109 løparar i klassen.