Gullet glapp for Johannes -og Tarjei tapte spurten om bronsen

Stang ut for brørne Bø

Sølv: Johannes Thingnes Bø gjekk på ein skikkeleg sprekk på siste skyting, og måtte gi tapt mot ukrainske Priduchny i gullkampen.  Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

Alt låg til rette for gull nummer tre for Johannes Thingnes Bø, på jaktstarten søndag. Med ei leiing på nesten minuttet inn til siste skyting ville det halde til siger, sjølv med to bom. Men når det då vart tre kunne heller ikkje den suverene langrennsforma berge gullet i kampen mot ukrainske Priduchny. Han fekk eit forsprang på 15 sekund ut på den siste runden, og heldt unna Bø-ekspressen med omlag åtte sekund.

Også Tarjei tapte sin medaljeduell. Etter eit kjempeløp med god fart og berre ein bom, dessverre på det 20. skotet, kjempa han ein knallhard kamp om bronsemedaljen mot franskmennene Fillon Maillet og Martin Fourcade. Sistnemnde klarte han å halde bak seg, men tapte bronsekampen mot Maillet på oppløpet. Hadde han klart å få ned også den siste blinken kunne det fort blitt Bø-siger i dag óg.

Surt spurttap: Her ryk bronsemedaljen for Tarjei Bø, etter ein spennande duell mot Fillon Maillet på siste runden. Tarjei gjekk seg opp frå 13. plass.  

 

Johannes var tydeleg skuffa då NRK intervjua han etter målgang.

- Eg tykkjer eg er i ein dårleg periode no. Eg skyt ikkje heilt på same måte som tidlegare i vinter. Eg tør ikkje stoppe opp for eg er redd for at tankane skal kome, så eg går berre på vidare, seier Bø, og legg til:

- Men eg jobbar hardt og plutseleg snur det.

Lyspunktet etter at gullet glapp må vere at verdscupetrofeet samanlagt ser ut til å vere sikra etter andreplassen i dag.