Kontrabeskjed frå arrangøren:

- Stryn Rando er avlyst

Torsdag vart det klart at Stryn Rando likevel ser seg nøydde å avlyse årets randoneekonkurranse.

For risikabelt: Stryn Rando avlyser helgas randoneekonkurranse grunna den store skredfaren og dårlege vêrmeldingar.  Foto: StrynRando

Nyhende

– Det er med tungt hjerte at vi må avlyse Stryn Rando 2019. Med dei skredforholda vi har til fjells nå, kombinert med vêrmeldingane dei neste dagene, er det ikkje forsvarleg å gjennomføre arrangementet. Sikkerheita til utøverane og mannskap går føre alt, skreiv arrangøren på si facebookside torsdag.

Onsdag heldt dei døra framleis på gløtt, og det vart lova løp uansett - i ein eller annan variant. Det var allereie stukke ei reserveløype. Men no har altså arrangøren konkludert at dette vert for risikabelt.

Dei opplyser at dei som har betalt påmelding, kan få dette refundert ved å ta kontakt.