Tore André Flo:

Utviklar nye Chelsea-talent

Frå 1997 til 2000 var han profilert spiss på Chelsea. No er Tore André Flo sin jobb å følgje opp Chelsea sine utlånsspelarar, med mål å utvikle dei for førstelaget.

Trivst: Tore André Flo trivst i den sentrale rolla han har i Chelsea. Etter fem år i akademiet har han dei to siste åra hatt ansvaret for å følgje opp klubben sine spelarar på utlån til engelske og europeiske klubbar.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Cobham, eit stykke ute på landsbygda, men i London. Der ligg Chelsea sitt enorme treningsanlegg og akademi med over 30 fotballbaner og innandørs treningsfasilitetar ein kvar norsk klubb kan bli misunneleg på. Bygd på det som i si tid var eigedomen til tre universitet.