Kunstlaget frontar unge kunstnarar

Stryn kunstlag opna i helga ei utstilling der dei har late unge, lokale kunstnarspirar få sleppe til.

Løfte fram dei yngre: Unni Berge, leiar i Stryn kunstlag, med bidraga til to av dei unge utstillarane. Bildet til venstre er måla av Espen Skåre og bileta til høgre er det Silje Greidung som har måla. Berge er oppteken av å gi dei unge skaparane ein arena å syne fram arbeida sine på. Utstillinga står i Stryn kulturhus til over påske.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Vanlegvis har vi ei utstilling med kjende kunstnarar, men vi tenkte å starte med temautstillingar. I første omgang ville vi vise fram kva ungar og ungdom har laga. Særleg dei litt eldre ungdomane. Dei får gjerne ikkje høve til å vise fram kunsten sin utan at dei blir berømte. Dei fell litt utanfor og vi ser dei ofte ikkje att, seier leiar i Stryn Kunstlag, Unni Berge.