Fartskontroll i Innvik:

Lastebilsjåfør fråteken førarkortet

Illustrasjonsbilde.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Utrykningspolitiet hadde onsdag fartskontroll i 50-sona på fv 60 i Innvik.

Ein lastebilsjåfør køyrde i 82 km/t, og førarkortet vart beslaglagt.

12 førarar fekk forenkla førelegg for fart. Høgste fart her vart målt til 68 km/t.

Ein sjåfør fekk forenkla førelegg for mobilbruk.