Har drive Grotli Høgfjellshotell i 40 år:

– Meir ein livsstil enn ein jobb

Ekteparet Are og Berit Bergheim søkjer sine etterfølgjarar etter å ha drive hotellet på Grotli sidan 1978. – Det er meir ein livsstil enn ein jobb, fastslår paret som trur på utvikling av destinasjonen Grotli.

Vertskapet: Are og Berit Bergheim har drive Grotli Høyfjellshotell sidan 1978 og ønskjer no å overlate hotelldrifta til nye drivarar. Først ser dei fram til ei ny påske på Strynefjellet.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Grotli blir kanskje aldri nokon stor turistplass, men vi har utvikla oss til å bli ein destinasjon for mange og her er rom for utvikling, seier hotellvert Are Bergheim.