Frå i dag er det bålforbod

Nyhende

I Norge er det eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål og grill, også eingangsgrill, i eller i nærleiken av skog. 

I 2016 vart det derimot innført eit unntak: Dersom eit bål heilt tydeleg ikkje kan medføre brann, så er det lov. Med tydeleg meinast til dømes snø på bakken eller at det har vore mykje nedbør over lang tid.

I perioden har du lov til å grille på stranda i god avstand fra skog og vegetasjon. Det er også lov til å grille på tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjende av kommunen. Du kan grille i din eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod.