– Klima og skule viktige tema

Klima og skuletilbod var nokre av sakene på fylkesting for ungdom på Skei 5.-7. april første helga i april.

Ungdomspolitisk utval: Lisa Horpen, Årdal, leiar Marthe Teigen Refsnes, Flora og Leander Sunde, Jølster, tre av medlemmane i ungdomspolitisk utval for 2019/2020. Sofie Krumsvik og Mathilde Tjønneland var ikkje tilstades då bildet vart teke.   Foto: Guro Høyvik/S&fj fylkeskommune

Nyhende

Fylkesting for ungdom har vedteke fleire fråsegner, mellom anna om klima og miljø, medverknad, skuletilbod- og helseteneste, kultur og kollektivtilbodet i fylket.

Fylkesting for ungdom er det øvste talerøyret til ungdommen i Sogn og Fjordane. Ungdom frå ungdomsråd og kommunar i fylket, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og politiske ungdomsparti deltok på tinget.

Ungdomspolitisk utval (UPU) arbeider på vegne av fylkesting for ungdom mellom tingsetene, som er ein gong i året. Ungdomstinget vel medlemmane i UPU, som i 2019/2020 ser no slik ut:

Leiar: Marthe Teigen Refsnes, 17 år, Flora, nestleiar: Leander Sunde, 16 år, Jølster. Medlemmer: Lisa Horpen, 17 år, Årdal (ikkje på val), Sofie Krumsvik, 17 år, Askvoll og Mathilde Tjønneland, 17 år, Gaular

Marte Teigen Refsnes, ny leiar i ungdomspolitisk utval, gler seg til å ta fatt på oppgåva.

– Eg synest at det å bli valt som leiar i UPU er veldig kjekt, og eg takkar veldig for tilliten, seier Refsnes på nettstaden til Sogn og Fjordane fylkeskommune.