Dagens leiarartikkel

God påske!

Med sol og blå himmel dag etter dag, skulle det vere fullt mogleg å få minnerike dagar saman

Nyhende

Ei vêrmessig fantastisk palmehelg er historie og påskehøgtida står for døra. Framleis lovar meteorologane knallvêr nokre dagar til, og ei påske utan verken nedbør eller vind av betydning. Alt skulle difor liggje til rette for uteaktivitetar både til fjells og på sjøen, i hagen, campingplassen eller der du måtte vere.