Funn av 6.600 år gamal trekolbit i Sætremyrane avslørte stor skogbrann

Funn: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte eit restaureringsarbeid i Sætremyrane naturreservat i Hornindal i fjor haust. Gravemaskinkøyrar Martin Skarpodde (t.h.) fann det ein trudde var ein bit av trekol. Rune Holen frå Statens naturoppsyn dokumenterte funnet og sende biten til professor Atle Nesje for vidare undersøkingar.  Foto: Thomas Thaule

Mest truleg har det vore ein stor, naturleg skogbrann i området, kanskje på grunn av eit lynnedslag

Nyhende

Under restaureringsarbeidet av Sætremyrane i Hornindal i fjor haust vart det funne det ein trudde var ein bit av trekol. Biten vart sendt til professor Atle Nesje for vidare undersøkingar. No er svaret kome.