40 sesongar med a-lagsfotball i Oppstryn

Oppstryn 1980: Ti av spelarane som var med då Oppstryn stilte seniorlag i fotball for første gong (1980-sesongen). Bak f.v. Gunnar Hjelle, Ingolf Folven, Kolbein Kaspersen, Egil Erdal, Inge Guddal. Framme f.v. Lorentz Hjelle (med sonen Charlie), Asbjørn Berge, Birger Flo, Paul Egge, Tor Guddal.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

I høve lokaloppgjeret i 6. divisjon fotball mellom Oppstryn og Hornindal på Lund stadion tysdag var ti av spelarane som spelte Oppstryn sin første sesong i 1980 til stades.

- Vi tapte den første kampen 0-1 borte mot Vikane, men vi vann resten av kampane fortalde karane då Fjordingen bad om eit lagbilde.

I år spelar såleis Oppstryn sin sesong nummer 40 på seniornivå.