Fannemel med fornya tillit

Med vidare: Anders Fannemel får fornya tillit på det norske hopplandslaget.  Foto: TADEUSZ MIECZYNSKI

Nyhende

Anders Fannemel får fornya tillit og er teken ut på det norske hopplandslaget for komande sesong.

Trass ein vanskeleg sesong der honndølen leita etter formen er han med vidare. Samstundes er det klart at fleire unge hopparar er tekne opp blant elitehopparane.

– På herresida får Robin Pedersen, Marius Lindvik og Thomas Aasen Markeng sjansen. Alle deltok i World Cup-renn førre vinter. Markeng og Bråten fekk i tillegg sjansen under Seefeld-VM, skriv hoppforbundet på si heimeside.

– Vi ønskjer sjølvsagt å vinne fleire renn og kjempe om topplasseringar under turneringar, meisterskap (VM i skiflyging) og i verdscupen, seier landslagstrenar Alexander Stöckl.

– Det er godt å vere med, ja. Det er jo på landslaget ein får best mulegheit til å bli så god som ein vil, seier Anders Fannemel til Fjordingen.

Følgjande hopparar er tekne ut (menn): Anders Fannemel (Hornindal), Johann Forfang (Tromsø SK), Halvor Egner Granerud (Asker), Robert Johansson (Søre Ål), Marius Lindvik (Rælingen), Thomas Aasen Markeng (Lensbygda), Robin Pedersen (Stålkameratene).

Kvinner: Ingebjørg Saglien Bråten (Etnedal), Maren Lundby (Kolbukameratene), Silje Opseth (Holeværingen), Anna Odine Strøm (Alta).