Olden Skule:

1 mill. kroner til ny gymnastikksal

Eit samrøystes kommunestyre vedtok å auke låneramma

gamalt og slite: Her viser elevane Nicklas Sunde Haugen og Tirill Flo ved Olden skule behovet for nytt golv i gymnastikksalen sin. No blir det ny gymnastikksal i Olden  Foto: Roger Oldeide (Arkivfoto)

Nyhende

Som Fjordingen har omtala er gymnastikksalen ved Olden skule svært nedsliten. Det har ikkje vore gjort noko med den sidan den vart bygd i 1967 og behovet for rehabilitering, nytt golv og lys har vore stort.

Ved oppstart av arbeidet med golvet vart det i første omgang oppdaga aspest som måtte prioriterast først. Rådmannen påpeika at kostnadane difor ville bli meir omfattande enn først antatt.

Kommunestyret vedtok samrøystes rådmannen si tilråding:

– I tiltak 22105 Gymsalen på Olden skule vert låneramma i 2019 auka med kr 500.000,- til 1.000.000 kroner. Den auka kostnaden på kr 17.500,- til rente og avdrag vert henta frå disposisjonsfondet.