Jordbruksoppgjeret i hamn:

- Har fått betre mulegheiter til å bruke jorda

Partane i jordbruksoppgjeret har vorte samde om ein avtale som gir bøndene 1,24 milliardar kroner. Bøndene kravde opphavleg ei ramme på 1,92 milliardar kroner.

Illutrasjonsfoto frå Innvik 

Nyhende

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har vorte samde med staten om jordbruksavtale for 2020. Avtalen vart presentert av landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) før helga.

– Vi har forhandla fram betre moglegheiter til å bruke jorda over heile landet. Skal vi få folk til å satse på landbruk er det prinsipielt viktig at inntektsskilnadene mellom bønder og andre grupper blir reduserte. For første gong sidan oppgjeret med dei raudgrøne i 2013, har vi lykkast med det, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Vekst for frukt og bær

Partane vart samde om ein omfattande innovasjon- og vekstpakke for norsk frukt, bær, grønsaker og poteter. I tillegg aukar prisen på korn og verkemiddel retta mot små- og mellomstore gardsbruk blir styrkt.

– Eg er glad for at det blir inngått ein avtale med eit samla jordbruk. Avtalen gir gode inntektsmoglegheiter for jordbruket og byggjer opp under eit aktivt landbruk over heile landet. Han er godt balansert, både når det gjeld dei ulike produksjonane og regionar, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Inntektsvekst

Avtalen gir grunnlag for ein inntektsvekst på omkring 20.600 kroner per årsverk i jordbruket.

– Eg er fornøgd med at vi for første gong sidan Solberg vart statsminister har klart å oppnå same kronemessig inntektsvekst som andre grupper, og eg forventar at dette vil vere retningsgivande for kommande oppgjer, seier leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.