Bygginga av nytt sjukehus i Førde er i gang

Audun Nedrebø t.v., leiar i brukarutvalet og administrerande direktør Arve Varden la ned grunnsteinen for det nye sjukehusbygget.  Foto: Helse Førde

Nyhende

Måndag 20. mai markerte Helse Førde starten på bygginga av nye Førde sjukehus ved at administrerande direktør Arve Varden tok det første symbolske spadetaket på byggetomta.

- For Helse Førde er byggeprosjektet heilt nødvendig for at Førde sjukehus i framtida skal kunne gje folk i fylket spesialisthelsetenester med den same gode kvaliteten som elles i landet, seier Varden i ei pressemelding.

Markeringa skjedde framfor ei rekke inviterte gjester, alle interessentar, samfunns- og næringsaktørar samt politiske aktørar og samarbeidspartar. Varden underteikna kontrakten med Åsen & Øvrelid, hovudentreprenør for første byggjesteg. Og saman med Audun Nedrebø, leiar i brukarutvalet, la han ned grunnsteinen for bygget.

Helse Førde opplyser at bygginga av Nye Førde sjukehus startar med nybygg for psykisk helsevern. Dette er startskotet for eit prosjekt som i ei årrekkje framover kjem til å gje store ringverknader både i nærområdet og i fylket elles.

- Dagens utgåve av Førde sentralsjukehus vart i all hovudsak ferdigstilt i 1979, og fyller såleis 40 år i år. Etterkvart som det nye blir ferdig, vil sjukehusprosjektet vere med på å sikre at folk i fylket vårt får moderne, trygge og tilpassa spesialisthelsetenester også i framtida. Byggeprosjektet inkluderer ein heilskapleg plan for alle Helse Førde sine bygg i Sogn og Fjordane, understreka Varden.

Den økonomiske ramma for heile utbygginga av Førde sjukehus er på 1,6 milliardar kroner. Slik planane ligg no skal utbygginga vere ferdig i 2027. Ferdigstilt får Helse Førde nye og moderne bygg for psykisk helsevern og somatikk, medan eksisterande areal for mellom anna poliklinikkar, sengepostar, operasjonsavdeling og sterilsentral blir ombygde, oppgraderte og utvida.