Rasar mot omorganiseringsforslaget i vegvesenet

Fleire ordførarar reagerer på forslaget om omorganisering i Statens vegvesen. Dei meiner omorganiseringa er ei sentralisering av Statens vegvesen.

Eidaordførar, Alfred Bjørlo, er lite nøgd med omorganiseringsforslaget frå Statens vegvesen. Det vil bety ei nedbygging av trafikksjasjonen på Nordfjordeid. 

Nyhende

(NPK) Måndag ettermiddag la Statens vegvesen fram eit forslag for korleis dei skal organisere drifta i framtida. Forslaget inneber mellom anna å erstatte dei fem regionane i dag med seks nye divisjonar og flytting av kontor.

I forslaget ligg mellom anna tilråding om ei nedbygging av tilbodet ved Trafikkstasjonen på Eid. Førarprøve for MC er foreslått flytta frå Eid. Dei som skal ta MC-lappen må dermed til Ålesund eller til Førde. Trafikkstasjonen på Eid kan også miste anledning til å registrere om køyretøy. Dei fleste gjer dette i dag på internett, men ikkje alle. Eid kan óg miste hallkontroll for lette og tunge køyretøy.

Ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, er ikkje nøgd med det nye forslaget.

– Eg er rasande, og dersom dette blir ståande etter den politiske handsaminga er ikkje Granavolden-erklæringa verd pixelane i pdf-fila ho er skriven i, seier han.

Regionvegssjef i Statens vegvesen, Helge Eidsnes, avviser påstandane om sentralisering.

– Vi har stor forståing for at ordførarane jobbar for tenestetilbodet og arbeidsplassane i kommunane sine. Men dette er ikkje sentralisering. Vi flytter mange avgjerder ut frå Oslo. Det er også 270 tilsette som skal flyttast ut av Oslo, seier han.