Cirkus Arnardo til Stryn torsdag:

Byr på sykkelakrobatikk og skøyerstrekar

Cirkus Arnardo feirar 70 år med stor jubileumsturne, og torsdag 23. mai stoppar dei på utstillingsplassen i Stryn.

Sykkelsirkus: Årets show byr blant anna på spektakulær sykkelakrobatikk med BMX-flips og trial-tricks der det trakkast til med stor kraft i ei hinderløype, fortel turnéleiar Are Arnardo i Cirkus Arnardo. Stryn får besøk torsdag 23. mai.  Foto: Cirkus Arnardo

Nyhende

– Bestefar var ein visjonær med ønske om å glede andre, seier turnéleiar Are Arnardo om grunnleggaren av Cirkus Arnardo, Arne Arnardo.

– Historia har vel vist at han lukkast ganske så bra med livsgjerninga si. No trippar vi etter å kome i gang. Artistar og crew er klare til å sette av garde til byar og grender i heile landet. Denne jubileumsframsyninga er ein hyllest til det trufaste publikummet vårt gjennom alle år, seier Arnardo i ei pressemelding frå sirkuset.

Den nye framsyninga byr blant anna på Duo Urunov sitt raske klesskifte-nummer, spektakulær sykkel-akrobatikk og flygande akrobatikk.

Papegøyar, ponniar, lamaer og hundar entrar også manesjen. Sirkusklovnane Los Sitos besøkjer Norge for første gong med elleville skøyarstrekar.

Steacy Giribaldi får stigen til å balansere, og Double Risk spenner armbrøsten.

– Dette er levande underhaldning tufta på rike tradisjonar. Og naturlegvis støypt i ei moderne form som fengjer. Vi viser verkeleg styrke i år, seier Are Arnardo.