Breng:

Her er overnatting forbode

Reglementet for det omdiskuterte området på Breng i Lodalen er bestemt.

Breng: På Breng i Lodalen har no eit sett med åtferdsreglar blitt vedtatt av kommunestyret og er alt gjeldande. Skisse:Stryn kommune 

Nyhende

– Dei første telta er alt komne opp der borte, difor er det viktig med eit reglement for dette området så vi har noko å handheve. Slik innleia ordførar Sven Flo saka då Stryn kommunestyre handsama åtferdsreglar for Breng 14. mai.