Kontakta reiarlaget umiddelbart etter at røyksløret la seg over Olden 16. mai:

– Slik skal vi ikkje ha det

Vakre bilde av kvite cruiseskip mot fjord, fjell og bre er så å seie dagleg kost i indre Nordfjord. Men cruisetrafikken har fleire sider. Torsdag 16. mai vart Oldebukta innhylla i eit røykslør under anløpet til cruiseskipet Queen Victoria. – Slik skal vi ikkje ha det, seier driftssjef for Nordfjord Havn, Sølve Oldeide, som straks kontakta reiarlaget.

Røykfullt Over fjorden: Queen Victoria i Olden 16. mai. – Sjølv om bildet er litt dårleg, burde bodskapen vere klar, skriv Hans-Petter Galtung, som har teke dette bildet. Foto: Hans-Petter Galtung  Foto: Hans-Petter Galtung

At folk i Olden reagerer på røyken er fullt forståeleg, og Nordfjord Havn vil halde tett dialog med reiarlaget for å hindre dette i å skje på ny

Sølve Oldeide, driftsjef Nordfjord Havn
Nyhende

Det var fleire som reagerte på røyksløret som låg over fjorden i Olden 16. mai. Det gjorde også driftssjefen.