– Vil rapportere alle skip som ryk uønska mykje

– Vi vil følgje nøye med og rapportere alle skip som ryk mykje, seier Jostein Lange Bergset frå Fjelli, som er hamnesjef i Aurland. Han melde i april cruiseskipet Magellan til Sjøfartsdirektoratet etter mykje synleg røyk. Resultatet vart ei bot på 700.000 kr til reiarlaget for brot på regelverket.

Alle: – Vi kjem til å rapportere inn alle skip som ryk uønska mykje, både cruiseskip, lokale rutefartøy og lastefartøy, seier Jostein Lange Bergset frå Fjelli, hamnesjef for Aurland Hamn. Foto: Aurland Hamn 

Nyhende

Magellan, som også har vore ein fast gjest i Olden, kom til Flåm 16. april.