Dagens leiarartikkel

Bompengar

Statens vegvesen sitt kart over pågåande og planlagte bompengeprosjekt pr. mars i år.  

Skal vi praktisere spleiselag for å byggje vegar, må alle betale likt. Alt anna er grovt urettferdig

Nyhende

Når ein protestaksjon omdanna til politisk parti brått siglar opp til å vere største parti, og med ei oppslutning på over 25 prosent, fortel det at noko av utviklinga i samfunnet har gått feil. Så feil at det no set dei etablerte politiske partia på ei alvorleg prøve dei så langt ikkje ser ut til å ha løysing på. I følgje Bergens Tidende si meiningsmåling denne veka får «Folkeaksjonen nei til mer bompenger», FNB, heile 25,4 prosent oppslutning, og er dermed det største «partiet» i Bergen. At meir enn kvar fjerde bergensar ville stemt på protestpartiet mot bompengar dersom kommunevalet var i dag, er eit alvorleg varsku på mange måtar.