Rekordmange elevplassar i Stryn kulturskule

Komande skuleår tek Stryn kulturskule imot elevar til 187 elevplassar. Dette er det største elevtalet nokon gong, og ei auke på nesten 80 prosent dei siste to åra.

Kulturskulelærar Annette Lunde saman med nokre av borna i dansegruppa.  Foto: John-Rasmus Sætre Torheim

Medan trenden i landet elles er nedgang i kulturskulane, har Stryn kulturskule klart å snu i motvind. Det lovar svært bra for vegen vidare

Linda Gytri, rektor i Stryn kulturskule
Nyhende

– Dette er heilt fantastisk! Vi har eit svært godt lærarlag i kulturskulen, og vi fokuserer på meistringsglede for kvar einskilde elev. Målet er at elevane skal glede seg til å komme på kulturskulen, og at vi ha det kjekt saman. Læring i trygge rammer gjev grobotn for kreativiteten, seier ein glad rektor i Stryn kulturskule, Linda Gytri.

Auke frå 105 til 187 elevar

172 elevplassar i 2013 er det største talet elevplassar i kulturskulen tidlegare.

Frå 2014 til 2018 var det jamt 105 elevplassar, i tillegg til 15 til 20 aspirantar i korps, viser statistikken. Skuleåret 2018/ 2019 auka det til 145 ordinære elevplassar. 25 born var med på kortare prosjekt med band, teater og Fargespel. Komande haust blir det altså 187 elevplassar, og i tillegg blir det nytt bandkurs. Ein auke på om lag 80 prosent frå skuleåret 2017/2018 til komande skuleår.

Kulturskuleturnè til skulane

Skule- og kulturutvalet gav kulturskulen 20.000 kroner i jubileumsgåve i fjor haust.

Desse pengane vart nytta til ein kulturskuleturnè rundt til alle skulane i kommunen. Dette fekk svært god mottaking og er mogleg vis ei medverkande årsak til eksplosjonen i talet på søkarar. Kulturskulen vil gjerne vil fortsette med dette dersom dei får resursar til det, fortel Gytri i ei pressemelding.

Nye tilbod

Teater, kunstgruppe for vaksne og desentralisert undervisning i Oppstryn er nye tilbod neste skuleår, og har fått mange søkjarar. I tillegg er det ein jamn auke på dei tradisjonelle tilboda i Stryn sentrum, samt desentralisert undervisning i Olden, Innvik og Utvik. På denne måten er kulturskulen eit resurssenter for heile kommunen, meiner rektoren.

Eleven i fokus

Kulturskulen fokuserer på kvar einskild elev, og det unike med kulturskulen er at mykje av undervisninga er ein til ein.

Dette er luksus for både lærar og elev. Men kulturskulen har både breidde og fordjuping, og meir samspel er i emning med nytt bandkurs til hausten.

Ledige plassar på dans og teater

Det er framleis nokre ledige plassar på gruppene for dans og teater både i Stryn og Oppstryn.

Sjølv om hovudopptaket var 1. mai, er det muleg å søkje langs med, og kulturskulen tek inn nye elevar så lenge dei har ledig kapasitet. Undervisninga startar ved skulestart i august.

Ønskjer meir resursar

Med denne enorme auken har kulturskulen no sterkt behov for auka resursar, ikkje berre til undervisning men også til rektor sin administrasjonsdel.

– Nye lokale har vore eit stort løft, og kulturskulen håpar at Stryn kommune ønskjer å satse på dette tilbodet med auke i løyvingane til årsverket. Medan trenden i landet elles er nedgang i kulturskulane, har Stryn kulturskule klart å snu i motvind. Det lovar svært bra for vegen vidare, seier rektor i Stryn kulturskule, Linda Gytri.