Utset nye tryggingsreglar for campingplassar

Frå 1. juli skulle regjeringa innføre nye tryggingsreglar for campingplassar, men innføringa er førebels set på vent.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Jenny Andrea Nesje (Arkiv)

Nyhende

Høyringsfristen for dei nye forskriftene gjekk ut 4. mai, og meininga var å innføre nye reglar frå 1. juli i år.

Fleire av høyringsinstansane har uttrykt bekymring for kva som skjer dersom dei nye reglane byrjar å gjelde midt i den travlaste sesongen, og det er ein av grunnane til utsettinga.

- Endringane skulle etter planen gjelde frå 1. juli 2019, men blir no utsett for å gi næringa betre tid til å omstille seg, seier statssekretær Thorleif Fluer Vikre i Kommunal- og moderniseringsdepartementet i ei pressemelding.

Dei nye tryggingsreglane for campingplassar skal vere lette å forstå og praktisere for både eigarar og brukarar av campingplassar. Mellom anna er definisjonen av ei campingeining meir spesifisert enn før sidan til dømes mange eigarar av campingvogner ikkje lenger køyrer rundt med vogna bak bilen, men meir eller mindre lèt ho stå fast på ein campingplass komplett med permanent fortelt og gjerne ein platting og eit gjerde.

Dei nye reglane aukar òg minstekravet til avstand mellom campingeiningane frå tre meter til fire meter. I dag blir desse reglane tolka ulikt frå kommune til kommune.

Ein brann på Sokn camping i Rennesøy i april i fjor der tre familiemedlemmer omkom, førte til at fleire etterlyste eit klarare regelverk.

- Fleire i næringa er usikre på kva for konsekvensar dei foreslåtte endringane vil få. Det skaper unødig uro. Desse bekymringane tar vi på alvor. Vi skal derfor bruke god tid på å gå grundig gjennom innspela. Det betyr òg at det ikkje lenger er aktuelt å la dei nye tryggingsreglane gjelde frå 1. juli, seier Vikre.

Det er førebels ikkje sett nokon ny dato for innføringa av nytt regelverk.

(©NPK)