Basehoppar døydde etter å ha landa i Oppstrynsvatnet

Basehopparen som landa i Oppstrynsvatnet natt til laurdag er erklært død. Det opplyser Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Basehopparen som landa i Oppstrynsvatnet natt til laurdag er henta av redningshelikopter  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Politiet meldte om ulukka ved 00.30 tida natt til laurdag, samtidig som det vart opplyst at redningshelikopter og luftambulanse var på veg til staden.

Rett etter kl 01.00 meldte politiet at personen som landa i vatnet var henta opp av andre som var på staden. Alle tilgjengelege naudetatar var på staden, og tilskadekomne vart henta av eit redningshelikopter. I natt vart tilstanden til mannen opplyst å vere ukjent.

Men i ei pressemelding laurdag morgon vert det stadfesta at ulukka endte med verst tenkjelege utfall.

Politiet seier ikkje noko om fallskjermen til avdøde har løyst seg ut før han landa i Oppstrynsvatnet.

Avdøde er i følgje operasjonsleiar Samsonsen ein mann i 20-åra. Varsling av pårørande pågår, og politiet går difor ikkje ut med ytterlegare opplysningar om avdøde, heiter det i pressemeldinga.

Politiet har oppretta ei undersøkelsessak som følgje av dødsulukka. Saka vil bli vidare etterforska av politiet i Nordfjord.