Fire norske rekordar på ein dag!

Steffen Melheim frå Olden sette søndag ikkje mindre enn fire norske, aldersbestemte rekordar på ein dag.

Fire bestenoteringar: Steffen Melheim t.v., her med teknikktrenar Jørund Årdal frå Gloppen FIL, sette fire norske aldersbestemte rekordar på ein dag då han sesongdebuterte i helga.  Foto: Ola Bergheim

Nyhende

Steffen Melheim sesongdebuterte søndag dag med eit kjemperesultat under Loggane Open i Gloppen.

– I siste omgong landa 1,5kg-diskosen på heile 61,03m. Han knuste dermed norgesrekorden for 16-åringar. Den gamle rekorden tilhøyrde Fabian Weinberg, Kristiansand IF på 57,69 frå 2017, fortel Hans-Petter Galtung frå Olden IL.

Resultatet gjev heile 1208 poeng på Tyrvingtabellen (friidretten sitt resultatmålverktøy i aldersbestemte klassar, der 1000 poeng er rekna som eit framifrå resultat).

- I siste omgong landa 1,5kg-diskosen på heile 61,03m. Han knuste dermed norgesrekorden for 16-åringar, seierl Hans-Petter Galtung frå Olden IL t.h. Bildet er frå då han overrekte Friidrettens Venners diplom til Steffen Melheim i samband med Oldestafetten.   Foto: Leif Vinsrygg (arkivfoto)

Totalt stod Steffen Melheim for heile fire norske rekordar (bestenoteringar) for 16-åringar.

– Konkurransediskosen for 16 år er 1,5 kg, men resultat både med lettare og tyngre diskosar vert registrert. Steffen kasta 1 kg-diskosen utrulege 70,23. Tidlegare norske bestenotering var på 63,50 frå 1984. Med 1,75 kg vart resultatet 53,95, nesten 2 m lenger enn tidlegare rekord. Han oppnådde elles 48,79 med seniordiskosen (2kg), nesten 4m lenger enn det tidlegare lengstekastet i Norge, fortel Hans-Petter Galtung.

Dermed har stortalentet frå Olden sett fire norske rekordar i aldersbestemt klasse på ein og same dag!