Endå ein rekord av Steffen Melheim

Ny rekord igjen: Steffen Melheim (Olden IL) sette ny aldersrekord i diskos under det opne Gloppenmeisterskapet tysdag.  Foto: Ola Bergheim (arkiv)

Nyhende

Det var ikkje lenge rekorden i diskos (1,75 kg) til oldaren Steffen Melheim fekk stå i fred.

Steffen Melheim frå Olden sette søndag ikkje mindre enn fire norske, aldersbestemte rekordar på ein dag under Loggane Open i Gloppen.

Tysdag var Melheim på nytt rekordtokt. Under det opne Gloppenmeisterskapet på Byrkjelo forbetra Melheim den to dagar gamle aldersrekorden for 16-åringar med om lag to meter. Han hadde også fleire andre kast over sin gamle rekord. Det lengste kastet hans målte 55,97 meter.

Også andre Olden-utøvarar gjorde sine saker godt på Byrkjelo. Ruben Alexander Eide Gjerde sprang 60 meter på tida 7,69, berre 1/100 bak den personlege rekorden. Han vann også lengde med 5,41 meter.

Tyrvingleikane

Komande helg stiller Ruben Alexander Eide Gjerde og Maja Fuglestrand Baade på Norges største friidrettsstemne, Tyrvingleikane, på Nadderud stadion i Bærum.

Maja deltek i spyd, Ruben på 60 meter, 200 meter og i lengde. Her møter dei knallhard konkurranse av Norges beste 14-åringar, melder Olden IL.