Folven gaard i Hjelledalen i pilotprosjekt:

Kan bli starten på ein stor norsk algeindustri

– Veldig spennande å vere med på, seier Gjørven-brørne Rolf Olav og Alf Erik som er med i eit stort forskningsprosjekt med dyrking av mikroalgar til dyrefôr. Eit internasjonalt nettverk av forskarar vil følge prosjektet i Hjelledalen med argusauge.

Spent: Alf Erik Gjørven (19) og Rolf Olav Gjørven (27) på Folven gaard som er under utbygging. Brørne blir sentrale i den daglege forskinga som vil gå parallelt med gardsdrifta i Hjelledalen med 70 dyr.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Når Fjordingen er innom Folven gaard onsdag er det full aktivitet med besøk av forskarar, leverandørar og samarbeidspartnarar frå fleire land. Folven gard, som er under ombygging og påbygging, er i ferd med å bli ein forskingsstasjon. Forskinga inngår i gardsdrift med nabogarden «Monsbruket» med 70 dyr.