Skarsmyra:

Vinsrygg Maskin får kjøpe mest areal

I det tredje forsøket kom det til vedtak i saka om sal av næringsareal på Skarsmyra. Men det var ikkje heilt beinkløyvd denne gongen heller.

Vedtok arealfordeling: Formannskapet vedtok tilrådinga frå rådmann Rune Hovde, der Vinsrygg Maskin får kjøpe ca 17 dekar næringsareal på Skarsmyra, og Kveen AS ca 10.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

To gongar har saka blitt sendt tilbake til administrasjonen med bestilling om meir utgreiing. I vedtaket 8. mai vart det også bestemt at dei to interessentane, Vinsrygg Maskin AS og Kveen AS skulle kallast inn til dialogmøte. Vinsrygg Maskin har søkt om å kjøpe heile det ledige arealet på ca 25 dekar, medan Kveen har søkt om å kjøpe 16 dekar.