Fekk velfortent heider og diplom

Idrettsmerket: F.v. Bernt Bergesen (40 merke), Eivind Skjerven (60 merke) og Birger Fagerlid (50 merke) fekk heider og diplom på ei tilstelling på Skei førre tysdag.  Foto: Sogn og Fjordane idrettskrins

Nyhende

Førre tysdag kveld fekk dei som hadde teke idrettsmerket for 40., 50. eller 60. gong i 2018 utdelt sine velfortente merke og diplom på Skei hotell.

Eivind Skjerven frå Stryn Turn og idrettslag, og Birger Fagerlid og Bernt Bergesen, begge frå Olden idrettslag, mottok utmerking for å ha teke idrettsmerket høvevis 60, 50 og 40 gonger. Skjerven er ein av få her i fylket som har teke merket 60 gonger, skriv Bodil Ryste i Idrettsforbundet.

I tillegg var Brit Sørum (Oppstryn IL, 40 gonger) og Oddlaug Flo (Stryn T og IL, 40 gonger) invitert til utdelinga, men dei kunne ikkje kome.

Per Birger Lomheim og Eivind Skjerven heldt elles interessante og engasjerande idrettshistoriske innlegg på samlinga, skriv Ryste.