Fagdag: Hjorten raserer skog og innmark

Hjort: Hjort på innmarksbeite. 

Gran: Barkgnag på ungskog, gran.  

Nyhende

– Har vestlandsbonden råd å betale for dagens hjortebestand i form av beiteskade? Det er ikkje mogleg å seie ja takk - begge deler.

Ansvaret for forvaltinga av jaktbart vilt og skogforvalting ligg i LMD og med Fylkesmannen som klageorgan. Vi vil samle næring, forvalting og forsking i Ålfoten i Bremanger 19. juni for å sjå på og drøfte utfordringane med beiteskadar i skog og eng, skriv Merete Larsmon hos Fylkesmannen i Vestland i ei pressemelding.

– Fylkesmannen i Vestland, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane Skogselskap og Vestskog inviterer til fagdag som set søkjelys på utfordringar med skogforynging og grasproduksjon på Vestlandet der hjortebestanden er høgare enn nokon kan minnast. Vi har lukkast å få med representant frå Landbruks- og Matdepartementet, Skogeigarlag og bondelag.

Lokal forvalting er også viktig i dette. Grunneigarane er engasjerte. Vi får høyre oppdaterte forskingsresultat. Det er altfor lite hogstareal som blir forynga oppatt, spesielt i skogreisingsstroka. Næringa og klimaet treng ny skog, tømmer og karbonbinding, for å skape nye verdiar og fylle krava om berekraft fastsett i lovverk og avtalar om sertifisering. Men utfordringane står i kø om dagen: Nye plantetypar i forynginga der skogplanter blir «baka inn» i voks for å hindre gnag frå snutebille synes å vere god hjortemat.

Avgangen i nye plantefelt er dramatisk, går det fram av pressemeldinga.