Volda kommune vil ta i bruk Hornindal omsorgssenter:

- Ein vinn-vinn situasjon

Den langvarige ledige kapasiteten ved Hornindal omsorgssenter har vore tema og årsak til manglande inntekter i kommunen, medan Volda har betalt ein million kroner i døgnbøter dei siste 2,5 åra grunna sprengt kapasitet. No vil personar i kø i Volda bli flytta til Grodås.

Krevjande: Helse og omsorgssjef for Volda kommune, Svein Berg-Rusten orienterte Fellesnemnda om kommunen sitt kapasitetsproblem. Ved å leige plassar i Hornindal vil ein avhjelpe situasjonen.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Volda kommune sin helse- og omsorgssjef Svein Berg-Rusten orienterte Fellesnemnda for nye Volda tysdag om kommunen sin krevjande situasjon der mangel på omsorgsplassar har gitt kommunen store utgifter i såkalla døgnbøter dei siste par åra.