Emmylou og Co klare for countryfest

Verdskjende Emmylou Harris er den største artisten under Norsk Countrytreff på Breim og Sandane 11.-14. juli.

Den verdskjende artisten Emmylou Harris er årets hovudartist på Norsk Countrytreff på Breim og Sandane til helga.  Foto: Veronique Rolland

Nyhende

Emmylou Harris har over 15 millionar selde album, og ei karriere som strekkjer seg frå 1969 til i dag. Med prisar som Polar Music Prize, Grammy Award og Country Music Association Awards er dette truleg det største artistnamnet arrangørane har hatt på Norsk Countrytreff gjennom 25 år.

Andre band og artistar som spelar i år er: Longhorn, Vassendgutane, Staut, Rotlaus, Steve N`Seagulls, Malin Pettersen, Fri Flyt, Cajun Gumbo og ei rekkje andre.

Torsdag kveld startar det heile med konsert med mange artistar under namnet Farewell Sogn og Fjordane i Trivselshagen på Sandane.

Artistlista for årets kyrkjekonsert laurdag 13. juli blir blant andre Longhorn, Girls Gone Country, Trond Svendsen & Tuxedo, Big B, The Bluegrass Boogiemen og Sigrid Moldestad og ikkje minst; Emmylou Harris, fortel arrangørane i ei pressemelding.

Dei ønskjer alle velkomen til den tradisjonsrike countryhelga som startar komande torsdag kveld, og held fram heile helga til og med søndag.