Mystisk makrelldød i Innvik

Nyhende

Store mengder med død makrell har dukka opp langs strendene i  Innvik i helga.

- Ungane har plukka dusinvis av død makrell. Her er hundrevis langs fjæra. Mattilsynet er kontakta, så det blir tatt vare på fisk som blir tatt prøve av, fortel Gunn-Bente Skåden frå Innvik.

Ho med fleire lurer på kva som er årsaka til fiskedøden, og om det er gjort same funn fleire plassar i indre Nordfjord.

Fjordingen har vore i kontakt med erfarne fiskarar som ikkje har høyrt om noko slikt før.

Fiskedøden kan ha naturlege årsaker, eller fiskarar har kasta fisken over bord.

Viss nokon av lesarane våre har gjort same observasjonar andre stader, eller har ein teori om kva som har hendt, så ta kontakt.

Ring eller send sms til vakttelefon 40402140 eller send epost til redaksjon@fjordingen.no