Telt som paddehattar i Lodalen

Nyhende

Vi vart ynskte velkomen over telefon til Lodalen laurdag. Meldinga kom med oppmodinga på engelsk og norsk om å legge teltlivet til campingplassane.

Vi var sikkert ikkje den einaste som fekk meldinga, men den hadde tydelegvis ikkje gjort inntrykk. Berre i området ved sætrevollen på Breng talde vi åtte telt.

Eitt av dei låg heilt inn til badeplassen, og eigarane var i full gang med middagen..

Etter det vi får opplyst heng vegvesenet etter med skiltinga. Teksten skulle likevel vere klar tale dersom folk vil ta den på alvor.