– Må sette sjansane mot Studentspretten

Trenar for Stryn sitt herrelag i fotball, Geir Inge Rake, meiner laget er på rett spor men kan bli betre på den siste og avgjerande biten; score mål.

Vann heime: Stryn slo Studentspretten 3-1 på heimebane i vår. Då scora mellom andre Håvard Kroken.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

– Eg føler at vi er litt inne på slik vi ynskjer å spele. Det var ein god kamp førre helg, der kun det siste og viktigaste mangla litt, nemleg å sette sjansane. Det må vi mot Studentspretten, slår Rake fast.