– Kven eig denne båten?

Eigarlaus båt: – Det hadde vore kjekt om eigaren melder seg og får båten sin tilbake, seier Jens Jensen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Under stormen i desember 2018, vart ein flott trebåt kasta på land ved kaia på Grodås.

– Vi har teke ein del telefonar til folk vi veit har trebåt langs Hornindalsvatnet og sjekka i håp om å finne eigaren, men ingen har meldt seg, fortel Jens Jensen.

Han trur båten kan vere laga i Bjørkedalen, og håpar eigaren melder seg slik at han kan finne tilbake til sin faste plass.

– Båten vart rett og slett skylt på land i dei store bølgjene. Dei siste vekene har han ligge til trutning her ved Grodås brygge, så han er klar til bruk, berre eigeran kjem for å hente han, seier Jensen.