Lesarinnlegg frå Jenny Følling:

Naturkrefter i sving -igjen

Fylkesordførar Jenny Følling skriv i dette lesarbrevet om vêrutfordringar og behovet for statlege ressursar for å tilpasse seg det nye klimaet.

Førebygging: Fylkesordførar Jenny Følling skriv i dette lesarbrevet om behovet for førebygging med tanke på flaum og skred.  Foto: (arkiv) Ingvild Ramstad

Nyhende

Naturkreftene slo til brått og uventa. Denne gongen var det Jølster og Hyen som vart hardt råka. Folk stod hjelpelause og såg på dei enorme kreftene som var i sving, og fekk kjenne ekstremvêrets herjingar på kroppen denne sommardagen i juli.