Storkontrollar langs skulevegane neste veke

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Neste veke startar politiet ein nasjonal kampanje med trafikkontrollar på skulevegane, melder NRK Sogn og Fjordane.

Trond Hatlenes, trafikkansvarleg for politiet i Sogn og Fjordane, fortel at dei skal fokusere på rus, hastigheit, mobilbruk og sikring av born i bilen. Hatlenes ber òg om at folk tek ekstra omsyn til at ein del av borna som ferdast langs vegane i haust er mindre erfarne i trafikken.