Markane får fellingskvote på 200 dyr

Markane hjortevald får fellingskvote på 200 dyr, sjølv om dei manglar ein godkjent bestandsplan.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Sjølv om Markane og Nedstryn hjortevald ikkje har fått godkjent sine bestandsplanar har miljøvernleiaren tildelt begge valda fellingskvote til årets jakt.

- Sidan bestandsplanane ikkje er godkjent, må denne kvota tildelast etter §21 i hjorteviltforskrifta. Vi tildeler kvote for Markane og Nedstryn i 2019 på tilsvarande storleik som bestandsplanane hadde lagt opp til; 200 dyr for Markane og 125 dyr for Nedstryn. Vik og Bø får begge tildelt 8 dyr. Fellingskvota vert fordelt på kalv, vaksne hodyr og vaksne hanndyr, skriv miljøvernleiar Odd Rønningen.